Med den kompromissløse powerballaden Kapitalistknusaren vil Sliteneliten minne oss om kven den egentlige fienden er

18
.
December 2020

Fredag 18. desember slipper Plateselskapet No. 13s nysignering Sliteneliten sin tredje singel, Kapitalistknusaren.

Med den kompromissløse powerballaden Kapitalistknusaren vil Sliteneliten minne oss om kven den egentlige fienden er
Foto: Signe Rosenlund-Hauglid

– Bråstoppen med korona-nedstenging ga plass til viktige samtalar om kva arbeid som verkeleg er verdt noko, og kva som faktisk berre er spekulativ parasittisme. Dei som driv med det siste har likevel klart å springe ifrå, og kara til seg enno meir. Det er dét denne singelen handlar om, seier vokalist Synneva Gjelland.  

– Eit veldig rart år går mot slutten. Mange er leie, uroa, einsame, fortvila og sinte, og det er me òg. Mange trur òg at noko anna går an, noko betre for fleire, noko fantastisk fint, og det trur me òg. Skal me kome dit må me gjere det saman, alle som ropar og skriv og tenkjer og syng og drøymer om ei verd der det ikke er haiane som alltid vinn. Me må samle songane til silda, kvalane, flyndrene, torskane, sjøhestane, makrellane og rekene, og lage ein svær, uovervinneleg, deilig og revolusjonær bølgjesong, seier bassist Maria Refsland.

Cover art: Christa Barlinn Korvald

–  Vårt adventsbidrag til denne store songen slepp me 18. desember. Med Kapitalistknusaren håpar me å ha laga den nye Nøtteknekkaren, ein klassikar som kan tas fram kvar jul for å gaule og gå rundt treet til, men helst kvar dag året rundt, for å minne oss på kven som er den verkelege fienden, som me skal kjempe mot saman, seier Refsland.

Spill på Spotify // Spill på Tidal // Spill på Apple music

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Få informasjon om våre arrangement og utgivelser rett i din innboks

Takk for påmeldingen!
Oops! Noe gikk galt, vennligst prøv igjen