

12. september opnar me lydstudioet på Bordalen med eit smell!
Dei siste tre åra har ein stor dugnadsgjeng jobba på med ei omvøla av bedehuset for å kunne ta det i bruk som lydstudio og øvingslokale. I sommar har viktige brikker kome på plass for å omsider kunne opna for aktivitet i huset - dette lyt feirast. Laurdagen kjem både lokale og tilreisande band til studioet for å fylla det med lyd og stemning! Det vert og ope hus på dagen så om du har køyrd forbi dei siste åra og lurt på kva i alle dagar me balar med er det altså berre å stikke nasen innom.
Program:
Sliteneliten
Sacred shit
B-sida
Superføkk
Jubb
Girlbitch
Svein og Pål
Bordalen spelemannslag